Viser arkivet for stikkord valkampløysing

Fleirmedial debattløysing for nett og papir

Firda Media utvikla i vinter saman med APDM ei fleirmedial løysing på dekning av valet 2011. Ti aviser i A-pressen bruker denne på å dekke valet i 106 kommunar og 8 fylke. Kort fortalt er løysinga slik:

  • opprette ein blogg der alle politikarar og velgjarar i ein kommune kan skrive, samt ein blogg for fylkestinget
  • alle politikarar som vil komme på trykk i avisa skrive innlegg i sonene, innlegg på epost taes ikkje i mot
  • ei origosone høster alle desse innlegga, bilda, kommentarane i ei samlesone som du finn på avisnavn.no/val, eksempelvis firda.no/val2011.
  • sona er kopla opp mot det redaksjonelle papiravisverktøyet Saxo, noko som gjer at avisa slepp å klippe og lime, men kan hente inn innlegg til papirsidene.

Dette er ei flott løysing for dei avisene som dekker fleire kommunar. Ikkje berre blir det ein innkanal fra politikarar og lesarar til papiravis, det er også ein gyllen moglegheit for politikarane å laga seg ein digital debattarena som kan vare

ei stund.

Firda si valsone ser slik ut:

Kart med statistikk som viser raskt kva kommune som er mest aktiv.

Dette vart ei litt tidkrevande og dyr løysing å kopiere. Derfor vart vi litt mindre spandable på dei resterande avisene, men ikkje desto mindre brukarvenlege. Her er TA si løysing med sine 18 kommunar:

Kommunevåpen med lenke til kommunesonene

Uansett design, så er det innhaldet som kjem inn og korleis avisa nyttar dette som er viktigst. Det er ikkje akkurat lett å få folk til å endra vanar og bruke nye løysingar. Noko vi veit hjelper er å:

  1. signalisere tydeleg kva for ei satsing avisa har, både med omtale i papir, på nett. Eit gjennomgåande design og fast plassering på nett.
  2. bruke sosiale skills og invitere dei politikarane ein kjenner inn i dei ulike sonene. Bruk heile avisa sitt nettverk, samt promotering på fb og twitter.
  3. i omtale i papir og på nett, repetere korleis folk skal sjølve bidra for å komme på trykk.

Her er nokre bilde med gode ekstra tips til å få liv i sonene:

Bildeserie med 5 bilder — bla ved å trykke på pilene

Desse fem avisene er dei som nyttar den fleirmediale valsone-modellen.

Les gjerne Eirik Grane fortelja om valmodulen i nettsamfunnet sitt Fjordaglimt.